BIOGRAFI

 
 

ENGLISH: down the page.

Sigrid Moldestad er norsk folkemusiker, sanger, låtskriver, skodespelar og tekstforfatter. Ho vart kåra til Årets Folkemusiker i 2010 og debuterte som soloartist i 2007 med plata “Taus”som ho fekk Spellemannsprisen for. 

Ho og bandet er kjent for sine sterke konsertar og liveopptredener.  Ho har spelt på rockefestivalar, jazzfestivalar, folkemusikkfestivalar og countryfestivalar.

Musikken hennar kjennes grenselaus og har teke til seg impulsar frå ulike genrer. 

Folkemusikken og visene står sterkast i det musikalske uttrykket. Ho har utdanning mellom anna frå Ole Bull Akademiet på Voss.

Sigrid byrja spele fele i 12-13 års alderen og har sin bakgrunn i folkemusikken. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet/Griegakademiet.  Sigrid Moldestad har ein sterk kjærleik til Breim, den vesle bygda ho kjem frå. Dette har kome ekstra sterkt fram dei siste åra med hennar arbeid for å restaurere spelemannshuset Pederhuset Eit hus der ein av hennar første læremeistrar og vener Peder Råd ( 1915-1997) budde. Prosessen med huset vart mellom anna følgt av NRK i dokumentaren Sigrid reddar folkemusikken -litt

Soloalbumet Taus (2007) henta musikk og inspirasjon frå 150 år gamle historier om dei mange kvinnene som spelte fele i Nordfjord, der ho vaks opp. Eit tema ho har jobba mykje med i ulike uttrykk, både på scene, plate og konsertar. Songen Samuline vart kåra til årets låt i NRK Sogn og Fjordane i 2007 og var dedikert ei av desse spelkvinnene Samuline Seljeset (1804-1872). Forestillinga “Samuline- frå fela flyg din song” hadde nypremiere i Førde 2017.

Ho har gitt ut 6 soloalbum. Ho skriv tekstar sjølv, men har også tonesatt diktarar som t.d Jakob Sande (“Eg ser inn i augo dine”), Tove Ditlevsen “ Så tag mitt hjerte”) og ikkje minst plata “Brevet til kjærleiken” med 11 dikt av Jan-Magnus Bruheim. Denne plata vart kåra til årets album uansett genre i NRK P1, “Norsk på Norsk”. Ho har samarbeidd med produsentane Yngve Leidulv Sætre, Kato Ådland og Morten Skage om platene ho har gitt ut

Ho har også hatt sterke samarbeid med kammerorkesteret Ensemble Allegria her med songen Eg vil vere her .

Sigrid Moldestad spelar i ulike format, nåde solo, duo/trio og band. Ho har turnert i Danmark, Belgia, Tyskland og samarbeidd med musikarar frå fleire land. Mellom anna duoen HazeliusHedin frå Sverige. Kvar jul dreg Sigrid Moldestad ut på juleturneen “Vintersong”.

Ho har også utmerka seg som skodespelar på Det Vestnorske Teateret i forestillingane HEIM 1, 2, 3 og 4. Samt spelt i forestillinga “Tonje Glimmerdal” på Den Nationale Scene i Bergen og forestillinga Vestland Vestland saman med Claus Sellevoll. Teksta av Finn Tokvam og regi av Arvid Ones. Musikken var av Odd Erik Lothe.

I tillegg til solokarriera spelar Sigrid i Karl Seglem Band og var mellom anna med på hans bestillingsverk Som spor på Vossajazz 2012  og plata Nunatak (2018). Ho har gjeve ut plater i duoen Spindel med Liv Merete Kroken ( 2001 og 2006) samt hardingfeletrioen Gamaltnymalt med Einar Mjølsnes og Håkon Høgemo som fekk Spellemannsprisen for plata i 2005. Ho er også fast gjeste i Linda Eide sitt “Melodi Grand Jazz”. 

SIGRID MOLDESTAD BAND:

Sigbjørn Apeland: trøorgel, rhodes, piano

Jørgen Sandvik: gitarer, banjo, mandolin

Anders Bitustøyl: bass

Kåre Opheim: trommer

Roald Kaldestad: gitarer, mandolin

PRISAR OG UTMERKINGAR

  • Medaasprisen 2016

  • Rolf Gamleng Minnepris 2014

  • Vossajazzprisen 2012

  • Årets Folkemusikkartist 2010

  • Spellemannsprisen 2007

  • Spellemannsprisen 2005

  • Fylkeskulturprisen Sogn og Fjordane 2010

  • Årets Artist Lutt-prisen frå NRK Sogn og Fjordane 2007 og 2010

  • Gloppen Mållag sin pris 2010. 

DIVERSE

  • TONO-stipend 2019

  • Statens Kunstnerstipend 2012. 

  • Statens Kunstnerstipend for yngre folkekunstnere  2001

 

ENGLISH SUMMARY

 
Sigrid_8c_Foto_IngvilSkeieLjones.jpg
 

Norwegian folk singer, fiddler/Hardanger fiddler and composer/lyricist Sigrid Moldestad is rooted in her nation’s rich music. She balances traditional and contemporary styles and takes inspiration where she finds it. Sigrid Moldestad is a proud caretaker of Norwegian folk music but does not hesitate to bring novelty and innovation into her music. She is known for her unique storytelling and all her extraordinary qualities made her Folk Musician of the Year in 2010. She has won several prizes for her work such as The Norwegian Grammy for Folk Music in 2007, The Vossajazz Prize in 2005 and The Rolf Gammleng Prize in 2014.

Sigrid Moldestad is one of Norway’s most praised folk music artists and has released 5 solo albums since 2007. She performs in solo, trio and band constellations and has an A-team of fellow musicians such as Sigbjørn Apeland (harmonium, piano), Jørgen Sandvik (guitars, banjo, mandolin), Anders Bitustøyl (bass), Anders Hall (fiddles/viola), Roald Kaldestad (guitars, mandolin), Kåre Opheim (drums) and Anders Røine (langeleik, guitars, jewshapr).

In addition to performing with her own band she also collaborates with others like duo Spindel , Swedish Hazelius Hedin, Karl Seglem Band and Gamaltnymalt trio.